torsdag 29. september 2011

Farleg gode kjeks


Fole Godt har laga ein ny kjeks. Den har to lag sprø kjeks fylt med kaffekrem og nøtter. Ann-Kristin Johansen (Molde) lot seg overtale til å prøve. No åtvarar ho andre kundar mot nykomaren. 

Ann-Kristin Johansen med dei nye kjeksa.


-          Det er nok å berre ta ein bit, og du kjenner at du må ha meir. Du blir rett og slett hekta, seier ho alvorleg.
Ho beskriv kjeksen som svært sprø, og fortel at smørkremen har ein forførande smak av kaffe og smør. Som om ikkje det er nok, har kjeksen ei rand av nøtter langs ytterkanten. Ann-Kristin fryktar at ho må tilbake til Fole Godt om kort tid for å få meir. Ho er redd ho kan bli avhengig.

To lag kjeks med kaffekrem. Omkransa av nøtter. Litt for godt.

-          Sannsynlegvis er ikkje kjeksen særleg sunn heller. Det er ikkje lav-karbo dette her, seier ho bekymra.
Dagleg leiar Kristin Heggdal var ikkje tilgjengeleg for kommentar, men det er ikkje enno bestemt om den nye kjeksen vert ein del av det faste varesortimentet.

Ingen kommentarer: